Site icon Hjertevakten ®

Lønnsamt at sjukepleiar går på heimebesøk

Dersom hjertesviktpasientar får besøk av sjukepleiar når pasientane kjem heim frå sjukehuset, blir det færre nye innleggingar og levetida aukar.

Dette kjem fram i ein studie basert på amerikanske helsedata som forskarar ved Folkehelseinstituttet og Stanford University i USA har fått publisert i tidsskriftet Annals of Internal Medicine i januar.

Dei viktigaste resultata

Heimebesøk frå sjukepleiar etter utskriving fører til:

Heimebesøk frå sjukepleiar er det mest effektive og minst ressurskrevjande tiltaket for å unngå ei ny innlegging av pasientar som har vore akutt innlagt for hjertesvikt, seier ein av forskarane, Henning Øien ved Folkehelseinstituttet.

For mer informasjon, og kjøp av blodtrykksmåler

Samanlikna ulike oppfølgingstiltak

Pasientar med akutt hjertesvikt har høg dødelegheit. I USA er det vanleg at desse pasientane får rådgiving i samband med utskriving frå sjukehuset og deretter time hos ein hjertespesialist innan 14 dagar. Forskarane samanlikna denne standardoppfølginga for 75-åringar med desse tenestene, som alle inneheldt klinisk vurdering og sjølvhjelpstrening:

Forskarane undersøkte kva for oppfølging det kan være samfunnsøkonomisk lønnsamt å gi til pasientar med akutt hjertesvikt etter ei akutt innlegging i sjukehus.

For mer informasjon, og kjøp av Førstehjelpsskrin, barn

Svært kostnadseffektivt

Er det økonomisk lønnsamt for samfunnet å satse på heimebesøk for denne gruppa av pasientar?

Isolert sett førte heimebesøk frå sjukepleiar til at helsekostnadane gjennom livet auka med rundt 4600 dollar, men dersom ein tar omsyn til den helsemessige fordelen, er dette tiltaket svært kostnadseffektivt, svarer Øien.

Det gir ein kostnad på rundt 19 500 dollar per kvalitetsjusterte leveår.

Dette er i amerikansk og norsk sammenheng svært kostnadseffektivt.  

For mer informasjon, og kjøp av hjertebrett

Overførbart til Noreg?

I denne studien hadde vi ikkje data frå norske studier, så det er ikke sikkert at resultata er direkte overførbare til norske forhold. Men studien viser at oppfølgande helsetjenester til særskilt ressurskrevande pasienter er ein kostnadseffektiv behandling, og det er derfor ein god idé å teste ut denne type tjenester i kommunehelsetjenesten, foreslår forskar Henning Øien ved Folkehelseinstituttet.


Referanse:

Blum MR, Øien H, Carmichael HL, Heidenreich P, Owens DK, Goldhaber-Fiebert JD. Cost-Effectiveness of Transitional Care Services After Hospitalization With Heart Failure. Annals of Internal Medicine 28 JANUARY 2020

FHI

Exit mobile version