Ein ny yoghurt, ein smøreost og ein spesiell biff er alle utvikla for at eldre skal få i seg meir protein. Men forskarane treng fleire deltakarar, både under 40 og over 70 år, for å kunne gje eldre dei svara dei håpar på.
Klokka er berre 08.30, men Hans er alt i gang med eit biffmåltid utanfor laboratoria på Norges idrettshøgskole (NIH).
Han er ein av deltakarane som skal bidra til å teste tre nyutvikla produkt med høgt proteininnhold som skal bidra til å betre kostholdet til eldre.
Eg prøver jo å hjelpe til og håpar at dette kan hjelpe andre eldre. Resultata blir veldig spennande å fylgje, og opplysningane som kjem, vil eg ta med meg. Heilt klart, seier 78-åringen før han går laus på biffen med potetmos og brun saus.
Hans Dieter Muschiol oppdaga forskingsprosjektet på Facebook og såg det som ein moglegheit til å lære meir om korleis halde seg sunn. Han er inne på sin andre testdag og ser fram til å høyre om resultata.
Kan halde oss friske lenger
Elise Lander er forskaren bak dette store prosjektet med namnet Eat4Age.
Om vi klarar å finne måtar å få i oss meir protein som gjer at vi held oss friske lenger, vil det få betydning for både yngre og eldre, seier Lander.
Denne dagen er fire personar inne på testdag på Institutt for fysisk prestasjonsevne ved NIH. Lander har det travelt for å koordinere at alt skjer når det skal.
På veggen heng eit skjema med tidspunkta forsøkspersonane skal få i seg måltid, svare på spørjeskjema og ta prøver.
Dei skal gjennom mellom anna blodprøver, muskelbiopsiar og skal ha pausar utan sosial interaksjon. Muskelbiopsi er eit inngrep der ein tar vevsprøver frå ein muskel.
Akkurat denne dagen er det eit biffmåltid som står på menyen.
Men verken Lander eller deltakarane veit om det er eit vanleg kjøtstykke eller ein biff som har blitt lagt til meir protein og blitt tilpassa slik at han skal vere enklare å ete.
Mange eldre slit med appetitten
Lander veit at mange eldre slit med å få i seg dei viktige næringsstoffa dei treng. Nokre slit med matlysta, andre får dårlegare tenner, har sårheit rundt munnen eller tar medisinar som påverkar appetitten.
Å få i seg for lite protein kan føre til at musklane blir mindre og at dei fungerer dårlegare.
Desse produkta kan forhåpentligvis være med å forebygge. Viss ein får i seg nok protein, så vil kanskje ikkje aldringsprosessen bli den same. Det å ha ein sunn muskulatur vil mellom anna gjere at det tar lengre tid før ein treng hjelp til å klare seg, seier Lander.
I prosjektet testar deltakarane ein smøreost, ein yoghurt med karamellsmak og ein biff som alle har fått lagt til meir protein.
Prosjektet er eit europeisk samarbeid. Produkta er utvikla i Frankrike, Irland og Noreg.
Nysgjerrig på kva dei finn ut av
Nicholas Røkenes er student og ein av dei andre deltakarane som er inne denne dagen.
Det er spennande å være med, og eg er veldig nysgjerrig på kva dei skal finne ut av. Nå får eg sjå kva professorane mine gjer når dei ikke underviser, seier Røkenes.
For sjølv om forskinga er om eldre menneske, treng dei likevel like mange deltakarar mellom 20 til 40 år.
Grunnen er at ein vil sjå om produkta har ulik effekt på dei to aldersgruppene.
Sjølv konkurrerer eg i styrkeløft. Her prøvar dei jo å sjå om dei kan optimalisere maten meir slik at ein kan ta opp meir protein. For meg som prøver å maksimalisere det sjølv, er det spennande å lære meir om, fortel Røkenes.
Betre alderdom her og nå
Forskingsgruppa treng mellom 45–60 personar frå dei to aldersgruppene. Kvar deltakar må sette av to dagar og gjerne fleire, slik at dei får testa fleire av produkta.
Resultata kan bety mykje for oss alle.
Dette er ikke forsking som fyrst vil ha noko å seie om 20 år eller meir. Dette er mykje meir aktuelt. Det er kunnskap som kan bidra til å gje eldre ein betre alderdom her og nå, seier Lander.
Hans Dieter Muschiol held seg i form, men kjenner at alderen har begynt å tynge. Han har ikke kjent at matlysta har blitt dårlegare, men har heller aldri vore ein storeter, fortel han.
Inntak av mat er jo vanskeleg. For oss alle verkar det som. Viss det er slik at noko kan hjelpe for å ta opp næringsstoffa betre når ein blir eldre, hadde det vore veldig fint.
Referanse:
Norges Idrettshøyskole (NHI)