Site icon Hjertevakten ®

Det er ikkje farleg å ta sit-ups etter fødsel

Nybakte mødrer og gravide har lenge blitt åtvara mot å ta sit-ups. Ny forsking viser at dette ikkje forverrar delte magemusklar.

Sandra Gluppe har forska på delte magemusklar sidan 2018. Sjølv fann ho interesse i temaet etter å ha fått sitt første barn. 

Som fysioterapeut såg ho kor mykje feilinformasjon det var om trening for nye mødrer på nett og i sosiale medium.

Fekk ein sterkare kjernemuskulatur 

Det har motivert ho i forskinga.

Det har vore veldig fint å endeleg kunne dele resultata våre og bidra til at riktig informasjon kjem ut til gravide og nybakte mødrer. Me vil jo at kvinnene skal få betre oppfylging etter fødsel, seier Gluppe.

Ho har nyleg publisert ein forskingsartikkel i tidsskriftet Journal of Physiotherapy

Der var hovudfunnet at øvinga curl-up/sit up ikkje gjorde diastasen verre hos forsøkspersonane. Kvinnene fekk ein sterkare kjernemuskulatur. Diastase er fagordet for delte magemusklar.

Studien undersøkte kvinner seks–tolv månader etter fødsel og inkluderte 35 kvinner i ei treningsgruppe og 35 kvinner i ei kontrollgruppe. 

Treningsgruppa gjennomførte eit tre månaders program med trening på magemusklane. 

Treninga var basert på funn Gluppe hadde fått på ein tidlegare studie med kvinner som hadde født og var diagnostisert med diastase.

Redde for å ta sit-ups

Myten om at nybakte mødrer og gravide ikkje skal ta sit-ups har vore utbreidd både blant treningsprofilar og blant fagfolk.

Mange har vore redd for å gjere sit-ups og har trudd at diastasen blir verre. Noko det ikkje gjer. Avstanden mellom magemusklane er heller ikkje så farleg. Me må få fokus over på funksjon og ikkje utsjånaden på magen, i følge Gluppe.

Ho fortel at 72 prosent av dei som melde seg til screening, og trudde dei hadde diastase, faktisk ikkje hadde det da blei sjekka med ultralyd. 

Gluppe legg til at forsøkspersonane i hovudsak har hatt milde og moderate plager med delte magemusklar. 

Derfor veit ein framleis lite om korleis dei som har betydeleg grad av diastase, kan trene.

Mange har bidratt

Gluppe har nå levert doktorgradsavhandlinga si og fleire resultat vil kome utover hausten. 

Forskinga blir sett på som så viktig at forskaren nyleg fekk ein av dei gjevaste prisane innanfor fysioterapi (PEDro-prisen) under verdskongressen for fysioterapi i Dubai.

Komiteen la vekt på at dette er resultat som kan brukast rett ut i arbeid med pasientar.

Glupe fortel at fysioterapeutar kom også bort til ho under kongressen og sa at nå skal dei slutte å seie til pasientane sine at dei ikkje skal ta sit-ups. 


Referanse: 

NHI

Sandra B Gluppe mfl.: Curl-up exercises improve abdominal muscle strength without worsening inter-recti distance in women with diastasis recti abdominis postpartum: a randomised controlled trial.  Journal of Physiotherapy, 2023. Doi.org/10.1016/j.jphys.2023.05.017 

Exit mobile version