Photo by Lars Bo Nielsen on Unsplash
Fotballklubbar står overfor utfordringer med å kontrollere belastningen på unge spillere, som ofte deltar i tre kamper i uken. Håvard Wiig, som har forsket på norske toppspillere, understreker viktigheten av individuell oppfølging og bruk av teknologi som GPS-enheter for å måle og planlegge belastning i trening og kamper. Hans studier viser at tre dager med hvile er nødvendig før en spiller er klar for ny kamp, og han oppfordrer ungdomstrenere til å være spesielt oppmerksomme for å unngå overbelastning av spillerne. Wiig disputerer for sin doktorgrad ved Norges idrettshøgskole den 22. april.
Håvard Wiig snakkar om toppfotballen slik han har utvikla seg både nasjonalt og internasjonalt dei siste åra.
Kanskje er det også enda tøffare for dei unge lovande, som får sjansen på mange forskjellige lag på ein gong.
-annonse-
For mer informasjon om: Heartstart FRx
GPS i sports-BH
Problemet er at det fort blir for mykje over tid. Det er typisk at når ein startar på toppidrettsgymnas eller liknande, så trenar du fullt med laget ditt på kvelden, og i tillegg får du treningar på formiddagen. Om du er god, spelar du kanskje på fleire lag, til dømes krinslaget og seniorlaget. Du skal jo helst trene litt innimellom der også. Viss ikkje fell jo forma di over tid, seier Wiig.
Det er der forskinga hans kjem inn.
Du har kanskje sett sports-bh-en fotballspelarar flest spring rundt med? Inni han er det GPS-einingar som gir mange viktige data.
Der kan ein få vite kor mykje spelaren har sprunge, med kva slags tempo og talet på akselerasjonar i løpet av kampen.
Men kva betyr det eigentleg om ein spelar spring 10.000 meter i løpet av ein kamp?
Om ein har gode verktøy for å kontrollere kor mykje belastning spelarane har, blir det også lettare å planlegge belastning på kamp og trening, forklarer Wiig.
-annonse-
For mer informasjon om: Samsplint
21 økter med Strømsgodset
Forskingsgruppa hans fylgde 18 spelarar i eliteserieklubben Strømsgodset over 21 økter.
Spelarane hadde på seg GPS-eininga. I tillegg registrerte dei sjølv korleis dei opplevde belastninga.
Resultata viste at det var ein sterk samanheng mellom kor tøft spelarane opplevde at økta var og den ytre belastninga som GPS-eininga målte.
Men det kanskje mest interessante funnet for fotballfolket er kor store dei individuelle forskjellane mellom spelarane var.
Spelarane hadde ulik opplevd belastning ved den same ytre belastninga. Dei varierte i korleis dei opplevde forskjellen på ei låg og høg ytre belastning.
Dei har på ein måte sin eigen profil.
GPS-eininga gir derimot ikkje alle svar.
GPS-einingane fangar ikkje opp alt. For eksempel kan det vere ei økt som har mykje duellspel og hopping. Dette er aktivitet som er slitsamt, utan at det genererer så stor distanse på GPS målingane. seier Wiig og legg til:
Det er noko av det viktigaste eg vil formidle frå forskinga mi. Fotballspelarar er forskjellige og må følgjast opp individuelt og bør målast mot seg sjølv.
-annonse-
For mer informasjon om: BaxStrap båre
Treng tre dagar før ny kamp
I ein annan studie fylgde dei 81 spelarar frå seks forskjellige klubbar i ein enkelt kamp med bevegelsessensorar. I tillegg gjorde forskarane fleire testar etter kamp, som hopptest, sprinttest, løpstest, blodprøver og muskelbiopsiar.
Eitt av hovudfunna var at fotballkampar fører til små øydeleggingar i muskelcellene. Mengda med slike øydeleggingar ser ut til å ha ein samanheng med distansen spelarane har med høgt tempo.
Dette påverkar igjen restitusjonen.
Det kan vere viktig for klubbar som brukar GPS-einingar å sjå spesielt på den distansen spelarane har med høgt tempo. Men vi såg også at spelarane som sprang dei lengste distansane, gjorde det dårlegare på ein sprint-test som dei utførte på dag tre etter kamp.
Men når kan ein eigentleg rekne med at ein spelar er klar for ny kamp?
Wiig meiner ein som hovudregel treng tre dagar før ein ny kamp. Noko også forskinga hans viser.
Det kjem an på kampen du har spelt og restitusjonstiltaka du gjer, men det er nok ein del individuelle forskjellar også. Tre dagar før ny kamp treng nok dei fleste.
-annonse-
For mer informasjon om: Lille Anne 6 pakning
Ungdomstrenarar må passe spesielt på
Han meiner trenarar i ungdomsfotballen bør passe spesielt på.
Tre kampar i veka er for mykje. Viss du spelar søndag, så er det ikkje bra å spele ny kamp på tysdag. Det skjer ikkje ofte i toppfotballen, men i ungdomsfotballen skjer det nok i større grad. Viss ein ikkje er påpasseleg med å styre belastninga, så blir det fort rovdrift på nokre spelarar.
Sjølv om ikkje ungdomslag har ressursar til å bruke GPS-einingar som toppklubbane stort sett gjer, er det fleire måtar å styre belastninga på.
Du kan bruke den subjektive metoden der du får spelarane til å rangere økta frå ein til ti etter kor tøff ho var og vidare gange med varigheita. Da får du eit mål på belastninga.
Men kalenderen kan vere eit vel så viktig verktøy.
Det enklaste er nok å bruke kalenderen og sjå kor mange økter og kampar spelarane har. Og passar på at det er nok kviledagar imellom. Det er vanskeleg for ein 16–17-åring og seie nei til å spele dei ekstra kampane. Så her har trenaren ei enda viktigare rolle, meiner Wiig.
Referanse:
Norges idrettshøgskole
Håvard Wiig disputerer for sin doktorgrad på NIH 22. april. Les meir om disputasen her.
Håvard Wiik: Fysiologisk respons på og opplevd anstrengelse av trening- og kampbelastning i fotball. Ekstern og intern belastning, nevromuskulær tretthet, muskelødeleggelser og restitusjon (PDF). Doktoravhandling frå NIH, 2024.