Site icon Hjertevakten ®

Intens trening før korsbåndsvalg gir langsiktige fordeler

Photo by Victor Freitas on Unsplash

Nokre gonger føler eg at fysioterapeutar er litt redde og for forsiktige, seier Anouk Urhausen.

Ho er ei av forskarane som har undersøkt nærmare 300 personar med ein tidlegare korsbandsskade, ti år etter. 

For mer informasjon om: Heartstart FRx Pakke


Dreiv med handball og fotball

Deltakarane var unge aktive personar mellom 13 og 60 år. Gjennomsnittsalder på dei var 26,5 år. Alle dreiv med idrett der ein er utsett for vriding minst to gonger i veka. Dei fleste dreiv med ballidrettar som handball og fotball. 

Ei gruppe fylgde ein spesiell behandlingsplan kalla Delaware-Oslo ACL Cohort-behandlingsalgoritme. Han bestod mellom anna av tung styrketrening før valet om behandling. 

– Dei rapporterte om færre symptom, betre knefunksjon og var meir nøgde enn dei som fekk vanleg behandling ti år etter operasjon, fortel forskar Anouk Urhausen ved Institutt for idrettsmedisinske fag på Norges idrettshøgskole (NIH).

For mer informasjon om: Hjertestarter trener


Operasjon eller ikkje?

Om du skadar det fremste korsbandet, står du ovanfor valet om å bli operert eller bli behandla utan operasjon. 

I denne studien samanlikna forskarane tre grupper: Dei som hadde operert tidleg, dei som hadde operert på eit seinare tidspunkt og dei som berre hadde hatt rehabilitering. 

Dei såg på kva deltakarane sjølv rapporterte, kor sterke musklane var, korleis dei hoppa, om dei er framleis var aktive og om dei hadde andre plager i kneet.

Vi såg at dei fleste som gjennomførte behandlingsplanen vår, hadde like sterk muskelstyrke i begge bein, deltok framleis i sport og fekk sjeldan kneartrose, som korsbandsskadde er spesielt utsett for, seier Urhausen og legg til: 

Vi såg også at deltakarar utan operasjon gjorde det like bra som dei som hadde vald tidleg operasjon. Men dei som hadde seinare operasjon, presterte litt dårlegare på nokre av resultata enn de to andre gruppene.

Deltakarane i prosjektet fekk sjølv velje om dei ville gå for operasjon eller rehabilitering i samråd med kirurg og fysioterapeut. 

Dei blei ikkje fortalt kva dei burde gjere, men dei fekk god pasientopplæring og blei fylgd opp tett. 

Urhausen fortel at det var større sjanse for at operasjon blei anbefalt viss dei ville tilbake til idrettane der ein er mest utsett for vriding, som for eksempel handball og fotball. Sjansen var også større viss dei hadde problem med instabilitet etter rehabiliteringa.

Dei som berre gjekk gjennom rehabilitering, var eldre, dreiv med idrettar med mindre grad av vriding og hadde mindre tilleggsskadar på menisk enn dei som gjennomgjekk tidleg eller sein operasjon.

For mer informasjon om: Lille Anne 6 pakning


Blir fylgd opp tett

Men kva går eigentleg denne behandlingsplanen ut på? Kva kan du lære av han om du eller nokon du kjenner, skal trene deg opp etter korsbandsskade?

Det som er spesielt med han, er at alle fekk fysioterapi like etter at dei blei skada og før dei valde behandlinga. Dei blei fylgd opp tett og fekk tidleg ein ganske intens treningsplan over fem veker. Dei trena minst to gonger i veka med tung styrketrening.

Urhausen kjem med eitt eksempel på øving:

Det kunne vere seks til åtte repetisjonar av ei øving for lårmuskulaturen. Viss dei klarte to repetisjonar til på siste sett, måtte dei legge til litt meir vekt. Målet var å trene muskelen med tung styrketrening.

For mer informasjon om: Advanced Venipuncture Arm – Light


Må legge ned stor innsats i treninga

Ho meiner du kan få mykje igjen av å gjennomføre denne treninga før du tek valet om kva slags behandling du ynskjer. Vi veit at nesten halvparten av deltakarane med eit instabilt kne blei betre av programmet. Dei hadde større sjanse for å klare seg utan operasjon.

Men ein må vere villig til å legge ned stor innsats.

Dette er sjølvsagt veldig individuelt. Pasienten må forstå kva som er ulempene med å velje ein behandlingsstrategi. Ein må trene skikkeleg for å kunne bli betre, og det krev også mykje innsats om ein ikkje vel operasjon. Ikkje alle lykkast utan operasjon, men alle som vil unngå operasjon, burde iallfall få sjansen å prøve seg på det.

Er ein avhengig av fysioterapeut for å gjennomføre programmet?

Eg trur nok ein må bli forklart korleis øvingane fungerer og kor hardt det må vere. Treninga kan ein etter kvart gjere aleine, men det hjelper å bli fylgd tett opp av ein fysioterapeut for å tilpasse øvingar.

Urhausen trur også oppfylginga er viktig for å halde motivasjonen oppe til å gjennomføre treninga regelmessig. 

For opptrening etter ein slik korsbandsskade er ikkje gjort på eit par månader, spesielt etter operasjon.

Det må skje over lang tid. Det er viktig med individualisering, og det er framleis ein del vi ikkje veit. Det er derfor det er viktig å bli fylgd opp ganske lenge, ni månader til eitt år etter skaden. Motivasjon for styrketrening er viktig, og det hjelper for pasientane å sjå og bli fortalt at styrken deira aukar.


Referanse: 

Norges idrettshøgskole

Anouk Urhausen mfl.: Good 10-Year Outcomes Following The Treatment Algorithm Of The Delaware-Oslo ACL Cohort: Knee Osteoarthritis, Symptoms And Function. Osteoarthritis and Cartilage, 2024. 

Exit mobile version