Her får elevane oppblåsbare dokker
– Eg synst det er veldig spennande, og det er veldig viktig at alle kan dette i tilfelle noko skjer, seier 7.-klassingen Mathilde Nilsen Sagabråten.
Ho er ein av dei som i dag fekk delt ut si eiga førstehjelpsdokke.
Det kan vere skilnaden på liv og død. Med ei førstehjelpsdokke, Minianne, til kvar, vil lege Morten Højlund Larsen gjere elevar og lærarar i Luster i stand til hjelpe.
– Sjølve ideen bak er jo å redde liv. I Norge er det 3000 hjartestopp i året. Til samanlikning er det 200 som vert drepne i trafikken. Det er mange hjarter ein kan klare å redde. Det er bra hjarter som er altfor bra til å døy, seier Højlund Larsen som er lege og fagutviklar ved Luster legekontor.
Se innslaget i nrk her