For fyrste gong har forskarar undersøkt effekten av enzymet SENP2 i menneskeceller. Kunnskapen kan få betydning i kampen mot fedme og diabetes.
Forbrenning av energi i cellene i kroppen har mykje å seia for helsa vår, men framleis er det ein god del forskarane ikkje veit om regulering av desse prosessane.
Forsker Solveig Krapf ved Universitetet i Oslo har sett nærare på energiomsetjinga som skjer i cellene.
Vi har undersøkt effekten av eit enzym som tidlegare forsøk har vist aukar forbrenninga av feittsyrer i muskelceller hjå mus, seier ho.
Enzymet heiter sentrin-spesifikk protease 2, eller SENP2.
Vi har kome eit skritt lenger ved å studera effekten i muskel- og feittceller hos menneske.
Mindre feitt vert lagra i kroppen
Feitt og glukose er brennstoffa som cellene brukar. Energi som ikkje vert brukt med ein gong, vert omdanna til feitt og lagra i cellene til ein annan gong.
Dersom vi lagrar meir feitt enn vi klarar på bruka, vert vi overvektige. Det fører med seg auka risiko for ei rekkje sjukdommar.
– Vi fann at enzymet SENP2 auka forbrenninga av feittsyrer i både feittcellene og muskelcellene i kroppen. Dermed vert mindre feitt lagra i kroppen, seier Krapf.
Ho forklarar at SENP2 verkar på ein kjernereseptor som er viktig for forbrenninga. Denne reseptoren heiter PPAR og finst i ulike variantar i feitt- og muskelvev.
PPAR vert blant anna regulert av enzym frå ei gruppe ved namn SUMO. Denne gruppa igjen vert regulert av SENP2 .
– Det SENP2 gjer, er å frigjera PPAR frå SUMO sitt brytegrep, for å seia det slik. Då kan PPAR jobba meir, og energiomsetjinga aukar.
Langt fram til legemiddel mot overvekt
SENP2 ser altså ut til å kunna ha ein gunstig effekt på overvekt. Men Krapf understrekar at eit legemiddel mot overvekt ikkje er rett rundt hjørna.
– Det er veldig langt fram dit. Vi kan ikkje trekkja konklusjonar ut frå dette arbeidet, men ein gong i framtida kan det tenkjast at SENP2 bli eit såkalla legemiddeltarget, kanskje spesifikt i muskel- eller feittceller.
Referanse:
Solveig Krapf: Regulation of energy metabolism in human skeletal muscle cells and adipocytes: Effects of SENP2 knockdown and conditioned medium from human pancreatic carcinoma cells. Doktoravhandling ved Universitetet i Oslo, 2022.