17 C
Rosendal
søndag, september 8, 2024

Buy now

spot_img
spot_img

Gamle medisinplantar gjenoppdages av forskarar

Photo by Kay Dittner on Unsplash

Mennesket har ikkje berre brukt naturen som ei kjelde til mat, men òg til medisin. Gjennom prøving og feiling har dei leita seg fram til plantar som har gjeve lindring mot ei rekkje plager og lidingar.

Det fortel Hussain Shakeel Butt ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo. 

Dei har sikra funna sine etter dei metodane dei hadde til rådvelde den gongen. I dag brukar vi andre metodar for sikring, men prinsippet er ikkje ulikt.

Butt har vore ein del av det tverrfaglege forskingsprosjektet REA:Life

For mer informasjon om: Heartstart pakke


Tradisjonell kunnskap for nye medisinar

Ein reknar at det finst rundt 380.000 plantar på jorda. Mange av desse inneheld garantert komponentar som kan isolerast og brukast i legemiddel. Med så mange moglegheiter vert det å finna dei, litt som å leita etter nåler i ein stor høystakk, seier Butt.

Men ved å gå tilbake og sjå kva plantar folk brukte tidlegare, vert høystakken betydeleg mindre. Nålene er lettare å finna.

Forskingsprosjektet er samansett av farmasøytar, biologar, historikarar og botanikarar. Dei har teke i bruk det som vert kalla ei etnofarmakologisk tilnærming. Der baserer ein seg på tradisjonell kunnskap for å finna nye medisinar.

For mer informasjon om: Personlig sikkerhetspakke 3


Potensial til å bli brukt i legemiddel

Min del av prosjektet starta med å gjennom dei historiske kjeldene som beskriv desse plantane og bruken av dei. Eg har bakgrunn frå kjemien, så det var ei heilt ny erfaring å jobba på denne måten, seier Butt.

Han fortel at kjemikarar vanlegvis står på labben saman med andre kjemikarar, og alle har det same tankesettet. 

Det har vore svært gjevande å samarbeida med andre faggrupper med andre måtar å tenkja på.

Butt si oppgåve var å trekke ut stoff frå to kjemiske grupper: polysakkarid og polyfenolar.

Dette er stoff som ofte har immunmodulerande eigenskapar. Altså at dei er i stand til å utløysa responsar i immunsystemet. Stoff som utløyser den immunresponsen vi ynskjer, har potensial til å bli brukt i legemiddel, forklarar han.

For mer informasjon om: Lille Anne


Giftplante som medisin

Vi identifiserte 23 plantar som såg lovande ut, og som vi drog ut og samla inn frå naturen. Tilbake på instituttet trakk vi ut stoffa i kokande vatn. Det var eit av de løysemidla folk hadde tilgang på før i tida. Ekstrakta sende vi til immunologen på Rikshospitalet som vi samarbeider med. Han køyrde haugevis av celleprøvar på ekstrakta våre.

Basert på resultata frå celleprøvane bestemte Butt seg for å gå vidare med tre spesielt lovande plantar: fjellkvann, strandkvann og den giftige planten tysbast.

Å bruka ein giftplante som medisin, høyrest kanskje ut som ein dårleg ide. Men vi fann ut at vassekstraktet av tysbast ikkje var særleg giftig. Då oppdaga vi at dei giftige forbindelsane i planten er feittløyselege, fortel Butt.

For mer informasjon om: Vann- og støtsikker koffert.


Plantane har gjort arbeidet

Dei løyser seg med andre ord dårleg i vatn, så dei blir i liten grad med når vi kokar planten i vatn.

Han fortel at gjennom heile prosessen har både polysakkarid og låmolekylære forbindelsar frå tysbast peika seg ut som dei mest lovande kandidatane for legemiddel. 

Han understrekar at vegen dit er svært lang, og at det slett ikkje er sikkert at nokon av stoffa vil enda opp som verkestoff i eit legemiddel nokon gong..

Trur legemiddelindustrien kunne tent på å henta opp gløymd kunnskap på denne måten. I dag forgår mykje av jakta på nye verkestoff framfor PCen.

Men rett som det er endar du opp med å modellera molekyl som er så kompliserte at det neste er uråd å framstella dei syntetisk. Med stoffa frå naturen derimot, har plantane alt gjort finarbeidet for oss, seier forskaren.

Referanse:

spot_img

Related Articles

annonsespot_img

Latest Articles

-annonse-spot_img