Photo by Jonathan Chng on Unsplash
En ny studie utført av forskere fra Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) og svenske kolleger har avdekket at ansatte i innendørs svømmebassenger er utsatt for helserisikoen knyttet til kloroform, et biprodukt av klor som brukes for å desinfisere vannet. Kloroform kan dannes når klor reagerer med organiske materialer i vannet og er kjent for å kunne forårsake helseskader som leverskade og kreft ved inhalering eller hudkontakt.
Forskerne målte konsentrasjonen av kloroform i luften og vannet i flere badeland og samlet urinprøver fra de ansatte før og etter arbeidstiden. Resultatene viste høyere konsentrasjoner av kloroform etter arbeidsdagen, noe som bekrefter at eksponeringen kommer fra arbeidet i svømmebassengene.
Studien konkluderer med at det er nødvendig med tiltak for å redusere eksponeringen for de ansatte, som forbedret ventilasjon, optimalisering av klorbruk og regelmessig overvåking av luft- og vannkvalitet. Urinprøver viste seg å være en nyttig metode for å måle eksponeringen for kloroform blant svømmeanleggsarbeidere, noe som kan gi et mer nøyaktig bilde av de faktiske eksponeringsnivåene sammenlignet med stasjonær prøvetaking. Studien er publisert i «Annals of Work Exposures and Health» i 2023.
-ANNONSE-
For mer informasjon om: Lommemaske med oksygenventil og etui
Gir reint vatn
For å halde anlegga trygge for tilsette og gjestar må vatnet desinfiserast.
I symjeanlegg er det vanleg å tilsetje klorforbindelsar for å halde vatnet reint. Kloroform er eit kjemisk stoff som kan dannast når klor blir brukt til å desinfisere vatnet i symjebasseng.
Det er kjent frå tidlegare undersøkingar at inhalering eller hudkontakt med kloroform kan ha helseskadelege effektar, som til dømes leverskade og kreft.
-ANNONSE-
For mer informasjon om: Heartstart FRx
Utsett for kloroform
I studien har forskarane undersøkt nivåa av kloroform i lufta og vatnet i innandørs symjebasseng. Dei har sett på korleis dette påverkar dei tilsette.
Resultata viser at tilsette i badeland er utsett for kloroform, både frå luft og vatn. Konsentrasjonane var høgare etter at arbeidsdagen var ferdig. Dette stadfesta at arbeidet i symjebassenga var kjelda til eksponeringa, forklarer Pål Graff, som er forskar ved STAMI og har bidrege til studien.
Forskarane målte konsentrasjonen av kloroform i luft og vatn i fleire badeland. Dei samla også urinprøver frå dei tilsette både før og etter arbeidstida for å undersøkje kor mykje kloroform dei tok opp opp i kroppen.
Ved å analysere desse urinprøvene kunne forskarane få eit klart bilete av kor mykje kloroform dei tilsette var eksponerte for.
Studien viser at det er nødvendig med tiltak for å redusere kloroformeksponeringa for tilsette i innandørs symjebasseng. Det kan til dømes handle om betre ventilasjon, optimalisering av klorbruk og regelmessig overvaking av luft- og vasskvalitet, seier Graff.
-ANNONSE-
For mer informasjon om:Samsplint
Urinprøver gir nyttig informasjon
Eksponering for kloroform blant dei som arbeider i symjehallar, blir ofte vurdert ved hjelp av stasjonær prøvetaking. Dette speglar ikkje eksponeringsvariasjonar blant menneske.
Denne studien målte kloroformeksponering ved bruk av personleg luftprøvetaking og analyse av urinprøver.
Dette tyder på at kloroform i urin kan vere ei nyttig eksponeringsmåling for arbeidarar i symjeanlegg, avrundar forskaren.
Referanse:
Statens arbeidsmiljøinstitutt STAMI
Oskar Ragnebro, Pål Graff mfl.: Chloroform exposure in air and water in Swedish indoor swimming pools—urine as a biomarker of occupational exposure. Annals of Work Exposures and Health, 2023. Doi.org/10.1093/annweh/wxad035