2 C
Rosendal
torsdag, januar 30, 2025

Buy now

spot_img
spot_img

Ungdom testes i fysisk form: Norsk forskningsprosjekt kartlegger aktivitetsnivået

Photo by bruce mars on Unsplash

I gymsalen på Apalløkka ungdomsskole står ungdommar i ringar og heiar og girar kvarandre opp.

På ei blå matte jobbar Linnea alt ho har for å ta flest mogleg sit-ups.

Roksana tek sats og hoppar stille lengde.

Kristian klemmer til i gripestyrke-apparatet. Snart skal dei også gje alt dei har på ein kondisjonstest. Det er kjempegøy. Eg er veldig glad for at eg sa ja til å bli med, seier Kristian Yankov.

For mer informasjon om: Heartstart HS1


Unikt forskingsprosjekt internasjonalt

Han og resten av tiendeklassingane på Apalløkka ungdomsskole på Ammerud aust i Oslo er med på forskingsprosjektet UngKan 4.

I haust var dei ein av dei fyrste skulane som fekk besøk av testgruppa frå Norges idrettshøgskole (NIH) som no reiser heile landet rundt for å kartlegge fysisk form og aktivitetsnivå hos barn og ungdom.

– Det unike med desse undersøkingane er at Noreg er eitt av få land i verda som systematisk har samla inn data på fysisk aktivitet og fysisk form i den norske befolkninga.

Det fortel Jostein Steene-Johannessen, prosjektleiar og professor i fysisk aktivitet og helse på NIH. Prosjektet er eit samarbeid mellom NIH, FHI og Helsedirektoratet, og dette er den fjerde gongen kartlegginga blir gjennomført.

– Dette er veldig viktige data for folkehelsearbeidet i Noreg framover, seier han og legg til:

– Vi prioriterer barn og unge i det førebyggjande arbeidet. Denne undersøkinga vil gje oss verdifull informasjon om korleis barn og unges aktivitetsvanar har utvikla seg dei siste 20 åra.

For mer informasjon om: Duty Range redningsdukke


Ikkje ofte elevane er så skjerpa

Elevane blir testa i gripestyrke, sit-ups, stille lengde og ein kondisjonstest. Det blir også tatt mål av vekt og høgd. I tillegg går dei med ein aktivitetsmålar rundt livet i sju dagar.

Prosjektkoordinator Lars-Emil Sætrang fortel at målet er å vere innom 70–80 skular og teste heile 3.500 barn og unge, fordelt på 1., 4. og 10. trinn.

I gymsalen på Apalløkka er det ingen tvil om at innsatsen og engasjementet er stort.

Kroppsøvingslærar Kamal Saaliti heiar dei fram. Han er nesten litt overraska over kor stor innsats klassa hans legg ned.

Eg tenkte berre: Wow! Dei responderer jo veldig på godt på det her. Vi som kroppslærarar er jo ofte litt forsiktige med å teste på denne måten, men her var det lett å sjå at dei hadde lyst til å klare mange repetisjonar. Det at dei fekk tidspress på nokre øvingar og eit visst tal på forsøk på dei andre øvingane, gjorde at dei var veldig skjerpa, seier han.

Han meiner både han og elevane får mykje ut av å vere med på prosjektet.

Vi som lærarar blir også betre kjent med elevane. Eg har faktisk brukt fleire av øvingane i kroppsøvingstimar i etterkant, fortel Saaliti. 

For mer informasjon om: Mini Anne +


Mange er veldig aktive

På den avsluttande løpetesten spring elevane frå side til side og startar og stoppar på fløytesignalet til Sætrang.

Roksana Gorojarn Keshavarzy er ei av dei som gir alt for å kome lengst mogleg.

Sjølv spelar ho handball og er aktiv nesten kvar dag. Ho meiner mange av vennene er det same.

– Det er nok litt ulikt. Veldig mange driv med aktivitet og sport, medan nokon er mest ute med vener. Eg vil seie at det er ganske mange som trenar og er aktive, seier Keshavarzy.

Klassekamerat Kristian Yankov er einig.

– Eg trur det står ganske bra til. Sjølv er eg glad i fotball og trene på gymmen.

Lærar Saaliti ser også at mange er veldig aktive, men han er bekymra for dei som ikkje er med på aktivitetar etter skulen.

– Mange driv med idrett, så eg er ikkje så bekymra for aktivitetsnivået deira. Det er dei prosentane som ikkje har tilbod etter skuletid og som er lite aktive i kroppsøving og friminutta. Dei er eg bekymra for, seier Saaliti.

For mer informasjon om: Lommemaske med oksygenventil og etui


Går det riktig veg?

Helsedirektoratet meiner det er heilt nødvendig med ei slik type kartlegging for å fylgje med på status og trendar innan fysisk aktivitet og form i befolkninga.

– Gjennom registrering med aktivitetsmålarar og fysisk undersøking får vi verdifulle og gode data om fysisk aktivitet og tid i ro, seier avdelingsdirektør Else Karin Grøholt i avdeling for folkehelsestatistikk i Helsedirektoratet.

I førre runde (Kan3) såg ein at det fysiske aktivitetsnivået til ni år gamle gutar var spesielt urovekkande.

Professor Steene-Johannessen er derfor svært spent på resultata frå denne undersøkinga. 

Sidan desse undersøkingane starta, har målet i folkehelsearbeidet vore å auke aktivitetsnivået. Dessverre viser resultata frå kartleggingane som har blitt gjort i etterkant, at aktivitetsnivået blant barn og unge stort sett har vore stabilet i perioden frå 2005 til 2018. Ekstra bekymringsverdig var det at det fysiske aktivitetsnivået til ni år gamle gutar såg ut til å vere på veg ned i 2018.

Det store spørsmålet er jo om vi er på riktig veg og om innsatsen i samfunnet er tilstrekkeleg for å auke aktivitetsnivået i barne- og ungdomsåra.

Svara får han og resten av befolkninga i 2027.


Referanse

Norges idrettshøgskole

spot_img

Related Articles

annonsespot_img

Latest Articles

-annonse-spot_img