3000-4000 nordmenn døyr kvart år av hjartestans i Noreg. Om lag 12 000 vert ramma av hjerneslag. Berekningar viser at vi kan redde 200 liv årleg dersom vi blir betre på å gi livreddande førstehjelp. Helse- og omsorgsminister Bent Høie drar i gang ein nasjonal dugnad for å lære fleire livreddande førstehjelp.
– Nå styrker vi den samla beredskapen i Noreg, og bidrar til å redde fleire liv. Eg er glad for at dei fremste miljøa i landet på tvers av sektorar, er med på denne nasjonale dugnaden som kan redde 200 liv. Vi må alle auke kunnskapen vår om livreddande førstehjelp og ringe 113 når det trengst. Det kostar samfunnet så lite, og kan bety så mykje for den det gjeld, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.
Avansert akuttmedisin i verdsklasse
AMK-sentralane, ambulansetenesta og akuttmottaka tilbyr befolkninga avansert akuttmedisin i verdsklasse. Vi kan redde enda fleire liv ved å auke befolkninga sin grunnleggande kunnskap om livreddande førstehjelp, og få til eit betre samspel med AMK.
Helsedirektoratet og statsråd Høie har derfor samla representantar for helsestyresmaktene, politikarar, ideelle organisasjonar, Lærdal-fondet, Gjensidige Stiftelsen, fagfolk og forskarar til oppstartmøte på Utstein kloster i Rogaland 21. februar.
Nå skal alle gode krefter jobbe saman for å auke befolkninga sin kunnskap om livreddande førstehjelp. Dugnaden vil gi ein betre samla beredskap i heile landet.
Nasjonal førstehjelpsstrategi
Dugnaden spring ut av NOU 2015:17 «Først og fremst — Et helhetlig system for håndtering av akutte sykdommer og skader utenfor sykehus».
NOU-en omhandlar korleis den akuttmedisinske kjeda utanfor sjukehus kan forbetrast og kva som kan gjerast for å sette befolkninga i stand til å hjelpe seg sjølv og andre ved akutt sjukdom og skade.
Utreiinga foreslår mellom anna ein nasjonal førstehjelpsstrategi.