9.9 C
Rosendal
mandag, november 25, 2024

Buy now

spot_img
spot_img

Klør du deg i hovudet når du les noko frå helsesektoren?

Photo by Arisa Chattasa on Unsplash

No skal det bli enklare, ord og uttrykk du høyrer på legekontoret, kan no bli lettare å forstå. Grete Lund Vabo tek til orde for eit meir forståeleg og felles språk i helsevesenet.

Før skreiv me alt for hand, og omgrep vart brukte på ulike måtar. No registrerer me helsehjelpa digitalt. Då er det viktig at me er meir systematiske, seier Grete Lund Vabo.

Vabo er førstelektor ved Institutt for helse- og sjukepleievitskap på Universitetet i Agder . I store delar av yrkeskarrieren sin har ho vore oppteken av korleis helsepersonell dokumenterer jobben dei gjer. Ho har også teke til orde for at tilsette i helsesektoren bør bruka omgrep på same måte.

Resultatet er boka Dokumentasjon av helsehjelp. Ho skal rettleia helsearbeidarar om temaet.

Enklare for alle

I helsesektoren blir det brukt mange fagord som pasientar kan ha vanskeleg for å forstå. Vabo meiner at pasientar alltid bør ha høve til å forstå kva som står i deira eigen journal.

Regjeringa jobbar no med å betra språket som blir brukt av alle fagfolk i helsevesenet. Direktoratet for e-helse leier arbeidet med å etablera eit felles språk.

Det vil gjera helseinformasjon forståeleg for alle. Det vil også gjera det lettare å bruka i forsking.

Slik fungerer det

Kristin Garriott tek ei mastergrad i omsetjing og fagspråkleg kommunikasjon ved UiA. Ved sida av studiane jobbar ho med å betre språket som blir brukt i helsevesenet. 

Ho forklarer korleis det heile vil fungera:

Når me loggar oss inn på helsenoreg.no eller andre pasientportalar, skal programvara på sikt omsetja språket som blir brukt av fagpersonar, på ein måte som gjer at me som pasientar forstår det, seier ho.

I dag skal alle helseopplysningar eigentleg følga pasienten gjennom heile behandlinga, men det skjer ikkje alltid.

Viss du til dømes tek ei blodprøve hos fastlegen for ei undersøking og blir vist til spesialhelsetenesta, kan det henda du må ta den same blodprøva igjen fordi systema ikkje forstår kvarandre.

Store økonomiske gevinstar

Ord vekker ulike kjensler, assosiasjonar og minne i oss.

For dei som har ein familiemedlem med uhelbredeleg sjukdom, kan palliasjon vera eit skremmande ord som blir assosiert med slutten av livet. Mens ordet lindring, som betyr det same, ikkje er like vondt å høyra, seier Kristin Garriott.

Språk er makt. Men kvifor skal me redusera maktforskjellen mellom helsepersonell med høg utdanning og pasientar? 

Garriott forklarer:

Det handlar om tillit. Og det fører til mindre uvisse hos pasienten og hjelper dei å ta ei meir aktiv rolle i si eiga helse.

Eit klarare språk kan faktisk spara norske kommunar for store summar, ifølge ein rapport frå Menon Economics. Førebels er det ikkje forska på nøyaktig kor mykje den norske staten vil spara ved å forenkla helsespråket. Basert på fordelane, vil det gi store økonomiske gevinstar.

Det vil føra til færre timebestillingar, telefonførespurnader og inkassokrav på grunn av misforståingar. Både pasienten og helsepersonell sparer tid og pengar fordi det blir færre bekymringar, i følge Garriott.


Referansar:

Universitetet i Agder

Grete Lund Vabo: Dokumentasjon av helsehjelp. Bok på Cappelen Damm Akademisk, 2022. Samandrag. ISBN: 9788202705220

Stortingsmelding fra regjeringen: Én innbygger – én journal

Direktoratet for e-helse: Program kodeverk og terminologi – Felles språk

spot_img

Related Articles

annonsespot_img

Latest Articles

-annonse-spot_img