17 C
Rosendal
søndag, september 8, 2024

Buy now

spot_img
spot_img

Snølykt-nanopartiklar for effektiv legemiddellevering

Photo by Ben White on Unsplash

Utvikling av nye legemiddel handlar ikkje berre om å finna nye verkestoff som kan bli nye legemiddel. Det kan òg handla om å finna nye og betre måtar å transportera og levera legemiddel til den staden i kroppen der det skal verka.

Dei siste åra har det vore forska mykje på korleis nanopartiklar kan brukast i legemiddel. 

Blant dei som forskar på dette finn vi Hennie Marie Johnsen. Ho er tilsett hjå legemiddelfirmaet Nacamed og tek doktorgraden sin ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

I Nacamed produserer vi nanopartiklar av silisium for farmasøytisk bruk. Silisiumet er ikkje sjølv eit legemiddel, men nanopartiklane opnar for at vi kan gje pasientane kjende verkestoff på nye og meir effektive måtar, seier ho.

For mer informasjon om: Lommemaske med oksygenventil og etui- rød


Løyser seg raskare opp

Vi har utvikla nye strukturar, som vi har døypt «snølykt»-partiklar. Vi stablar små silisium-partiklar saman på same måten som barn stablar snøballar for å laga ei snølykt. Så fyller vi opningane mellom partiklane med verkestoff, der mellomroma mellom snøballane i ei snølykt slepper ut lys.

Molekyla i verkestoffet klarar ikkje å danna like sterke bindingar som det for eksempel ville gjort om det var i fri pulverform. Årsaka er at verkestoffet er fanga i dei ørsmå opningane mellom silisiumpartiklane.

Dermed løyser det seg raskare opp både i vatn og i kroppen og vert teke raskare opp, seier Johnsen. 

Manglande løysingsevne i vatn kan vera nok til at lovande verkestoff aldri kjem vidare frå laboratoriebenken.

For mer informasjon om: Sett med Little Anne og AED Trainer


Partiklar av solcellematerialar

Johnsen fortel at etter at ho hadde gjort testane sine, kunne Nacamed setja kryss i alle avkrysningsboksane dei undersøkte.

Vi har sett på korleis partiklane løyser seg opp og forlet kroppen automatisk. Vi har testa at det ikkje er giftig. Med hydrokortison har vi sett at verkestoffet vert frigjort raskare, som gjer det meir tilgjengeleg for kroppen. 

Ho fortel at Nacamed ikkje er dei einaste som jobbar med silisiumpartiklar.

Andre har jobba med partiklar som er laga av solcellematerialar. Dei blir etsa med flussyre, som er svært giftig. Trass at det er ein komplisert prosess, gjev det små mengder materiale å jobba med, forklarar ho.

For mer informasjon om: Mann over bord dukke


Veldig stor overflate i forhold til volum

Vi for vår del brukar ein industriskala reaktor, som gjer det råd å produsera ganske store mengder med relativt like partiklar.

Dessutan forskar Nacamed på modifisering av overflata av partiklane sine. 

Vi brukar blant anna silisiumkjemiske metodar. Det lærde eg under eit opphald på University of California San Diego i 2022, seier Johnsen.

Overflata er viktig for det er den kroppen fyrst kjem i kontakt med og påverkar korleis kroppen handterer partiklane. Og partiklane våre har veldig stor overflate i forhold til volumet.


Referanse:

Universitetet i Oslo

Hennie Marie Johnsen mfl.: Stable «snow lantern-like» aggregates of silicon nanoparticles suitable as a drug delivery platformNanoscale, 2024. Doi.org/10.1039/D3NR05655D 

spot_img

Related Articles

annonsespot_img

Latest Articles

-annonse-spot_img