Photo by Angélica Echeverry on Unsplash
Ny forskning fra Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) viser at regelmessige pauser og tilpasset arbeidsbelastning kan være nøkkelen til å redusere nakkesmerter blant arbeidstakere. Studien, ledet av forsker Markus Koch, indikerer at variert muskelaktivitet og hyppigere korte pauser kan bidra til å forebygge langvarige nakkeplager, som er en betydelig kilde til økonomisk belastning for individer og samfunnet.
Trass fleire tiår med forsking gir nakkesmerter framleis ei stor økonomisk belastning for enkeltpersonar, verksemder og samfunnet.
Det er kostnader for behandling, tap av produktivitet og tidleg pensjonering.
Statiske og gjentakande arbeidsoppgåver gir belastning på muskulaturen. Det kan vere einsidige rørsler i armar og hender, arbeid med armane heva over skulderhøgd og arbeid med hovudet bøygd framover.
Det kan føre til både nakkeplager og skulderplager.
Det finst studiar av forhold i Danmark, Noreg og Sverige, men resultata frå desse har aldri blitt vurderte samla, seier forskar Markus Koch på Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).
Koch og hans kollegaar har gjennomført ein studie. Han gir ny kunnskap om samanhengen mellom nakkesmerter og arbeid der muskulaturen i nakken blir brukt mykje.
-ANNONSE-
For mer informasjon om: Posture Medic
Ikkje einige om kva som skaper nakkesmerter
I mange år har mogelege mekanismar for utvikling av nakkesmerter blitt forska på utan å oppnå semje om sannsynlege forklaringar.
Mange vil nok vente at eit aktivitetsmønster med få pausar og lange periodar med muskelaktivitet er forbunde med meir nakkesmerter.
Tidlegare studiar finn derimot stort sett ikkje denne samanhengen.
Nokre studiar har tydd på at lange periodar med auka muskelaktivitet kan utgjere ein risiko for nakkesmerter. Men desse resultata er baserte på eit lite tal deltakarar eller enkeltyrke.
Studia vår hadde som mål å undersøke samanhengen mellom nakkemuskelaktivitet og nakkesmerter. Vi brukte eit samla datasett frå sju skandinaviske forskingsinstitutt. Det inkluderte eit høgt tal arbeidarar frå ulike yrke, forklarar Koch.
-ANNONSE-
For mer informasjon om: Heartstart pakke
To datasett
Forskarane hadde såkalla tverrsnittsdata og longitudinelle data tilgjengeleg.
Tverrsnittsdata gjenspeglar ein situasjon på eit bestemt tidspunkt. Her gjennomførte forskarane elektromyografiske målingar av øvre nakkemuskel. Det kom saman med spørjeskjema om nakkesmerter.
Ved å plassere elektrodar på huda over muskelfibrane kunne forskarane måle kor mykje muskelen blei aktivert. I tillegg målte dei tidsmønster for aktiviteten og muskelkvile.
Forskarane baserte også arbeidet sitt på longitudinelle data. Der har dei følgt testdeltakarane over lengre tid.
-ANNONSE-
For mer informasjon om: Advanced Venipuncture Arm – Light
Tilpasse talet på pausar
Tverrsnittsdataa tyder på at tilsette med nakkesmerter unngår lengre periodar med nakkemuskelaktivitet. Dei jobbar altså i kortare periodar.
– Ei mogeleg forklaring på desse funna kan vere at tilsette med høgare smerter jobbar meir variabelt. Dei må ta hyppigare korte pausar. Samtidig unngår dei periodar med konstant eksponering for musklane, seier Koch.
Dei longitudinelle dataa viste det motsette mønsteret. Dei var likevel ikkje så tydeleg som tverrsnittsdataa.
Her fann forskarane at tilsette med nakkesmerter blir utsette for høgare samla arbeidsbelastning og lange periodar med muskelaktivitet på lang sikt.
Det viktigaste vi kan trekke ut av resultata, er at fordelinga av arbeidspausar gjennom arbeidsdagen bør vere slik at den samla belastninga er passande, understrekar Koch.
-ANNONSE-
For mer informasjon om: HLR brett, hjertebrett
Individuelle faktorar
Resultata viste klare samanhengar mellom høgd og kjønn og nakkesmerter.
Andre individuelle faktorar som alder, vekt, røyking, snusbruk, BMI og yrke viste ingen klar samanheng med smerter.
Mindre deltakarar og kvinner rangerte høgare på smerteskalaen. Ein person med mindre kroppsstorleik kan måtte løfte armen meir for å utføre arbeidsoppgåva. Det kan gje større belastning på nakkemuskulaturen, seier Koch.
Referanse:
Statens arbeidsmiljøinstitutt STAMI
Markus Koch mfl.: Frequency of breaks, amount of muscular rest, and sustained muscle activity related to neck pain in a pooled dataset. Plos One, 2024. Doi.org/10.1371/journal.pone.0297859