-2.5 C
Rosendal
fredag, november 22, 2024

Buy now

spot_img
spot_img

Fargen kan vere kreftframkallande – no kjem forbodet

Frå nyttår blir så godt som alt tatoveringsblekk ulovleg. Årsaka er at blekket kan vere helseskadeleg.

I sommar vedtok Noreg å implementera eit felles europeisk regelverk for tatoveringsblekk.

I praksis inneber det at 4000 kjemikaliar som allereie er forbode i kosmetikk- og kroppspleieprodukt også vert forbode i tatoveringsblekk.

Bakgrunnen var at tatoveringskjemikaliar utgjer ein uakseptabel risiko for europeiske tatoveringskundar, forklarar seksjonsleiar Miljødirektoratet.

Det er kreftframkallande, allergiframkallande, arvestoffskadelege, reproduksjonsskadelege og etsande kjemikaliar som EU no vil til livs.

Noreg har som EØS-medlem forplikta seg til å følgje slike EU-direktiv.

Les mer/kjøp; Førstehjelpsskrin-Barn

Utfordrande regelendring

Leiar for Norsk Tattoo Union, Kari Kjelskau, seier at dei nye reglene er så omfattande at du «nesten må ha spesialutdanning» for å forstå dei.

Regelverket er veldig langt og veldig komplisert, fortel Kjelskau.

I dag har 1 av 5 nordmenn minst éi tatovering. Ønsker dei seg fleire, kan det nye regelverket by på utfordringar.

Direktivet inneber nemleg at nokre av fargane blir forbodne frå 4. januar neste år, men andre får «leva» i eitt år til.

Når dei forsvinn i 2023, så forsvinn om lag to tredjedelar av alle fargar med blå- og grøn tonar.

Lesmer/kjøp; Heartstart HS1 – verdens mest solgte hjertestarter

Fryktar svart marknad

Norsk Tattoo Union viser blant anna til ein av fargane som allereie er ulovleg i den nasjonale fargeforskrifta, nemleg Pigment Green 7.

Når EU-reglane erstattar dei nasjonale reglane, blir denne fargen lovleg i ein overgangsfase på eitt år fordi blekkprodusentane treng ekstra tid til å erstatta denne.

– Det er ironisk at denne «farlege» grønfargen snart kan brukast igjen, samtidig som dei innfører nye forbod grunna helseomsyn. Hadde den vore så farleg, så hadde den vel også vore ulovleg neste år, meiner Kjelskau.

Les mer/Kjøp; Brannskrin

Må kasta alt blekk

Det blir ingen overgangsfase for resten av blekket som tatovørane har på lager.

Alt blekk som i dag blir brukte i norske tatoveringssalongar må kastast 4. januar.

Ingenting av blekket som blir brukt i dag tilfredsstiller alle dei nye krava.

spot_img

Related Articles

annonsespot_img

Latest Articles

-annonse-spot_img